Publiseringar:
Send gjerne tips!
Det er veldig kjekt å melde om nye publiseringar i nyhendebrevet, så send meg gjerne informasjon når du har lenke til ei bok, ein tidsskriftartikkel, ein kronikk eller anna du har fått publisert. Hugs også på å registrere publiseringane dine i Cristin.
Nye rapportar, studentoppgåver og andre arbeid
Arkivet "Bravo" er Høgskulen i Voldas nettstad for formidling av bachelor- og masteroppgåver, forskingsrapportar og andre arbeid. Arkivet er gratis tilgjengeleg for alle på nettsidene til biblioteket ved Høgskulen i Volda. Nye bidrag i Bravo finn du her.
Sjølvplukk: Gratis kunnskap å hente utanfor biblioteket
Ei rekkje notat og rapportar frå Høgskulens skriftseriar er tilgjengeleg som sjølvplukk. Du finn bøkene og hefta på eit bord utanfor det tidlegare hustrykkeriet, like ved inngang til biblioteket.
Rune J. Krumsvik om nettbrett og resultat i skulen
Professor II, Rune J. Krumsvik, AKF, har saman med tre andre forfattarar publisert artikkelen "Everyday Digital Schooling – implementing tablets in Norwegian primary school. Examining outcome measures in the second cohort" i tidsskriftet Frontiers in Education. Dei tre andre medforfattarane er E. Berrum, L. Jones og I.P. Gulbransen.
Spilling og Mork Rogne om handskrift og tastatur
Stipendiat Eivor Finset Spilling og førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, begge AHL, har publisert artikkelen «Handwriting versus keyboarding: Does writing modality affect quality of narratives written by beginning writers?» i tidsskriftet Reading and Writing. Medforfattarar er Vibeke Rønneberg, Jens Roeser og Mark Torrance. Artikkelen er ein del av DigiHand-prosjektet, og undersøker tekstar skrivne for hand og med nettbrett av førsteklassingar.
Mange HVO-bidrag på Fjordkonferansen
Fjordkonferansen 2021 har vorte gjennomført i regi av Høgskolen i Molde. På nettsidene til Fjordkonferansen ligg program og tittel på innlegga. Fleire enn 10 HVO-tilsette har hatt ein eller fleire presentasjonar på konferansen:
Førsteamanuensis Torhild Høydalsvik og høgskulelektor Hilde Gry Leer-Salvesen, begge AHL: "Korleis sikre førstesemesterstudenten ein berekraftig overgang frå vidaregåande skule til profesjonsutdanninga?"
Førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, AHL, førsteamanuensis Torhild Høydalsvik, AHL og Jenny Ullgren (Runde Miljøsenter): Spor av berekraft i vitensenter
Førstelektor Kristian Fuglseth, AMF, og førsteamanuensis Erik Fooladi, AHL: Økologisk berekraft formidla til barn og unge gjennom TV. Ei analyse av innhald, fokus og medierammer i NRK sitt nyheitsmagasin Supernytt
Høgskulektor Dag Roland, AMF: Barn og unges medieøkologi: Hvor henter barn og unge kunnskap fra?
Høgskulelektor Irene Hillestad, AMF: Ei undersøking av korleis to ulike teikneseriebøker formidlar og bidreg til refleksjon rundt temaet klimaendringar hjå 9-12 åringar
Høgskulelektor Jens Standal Groven og førstelektor Kristian Fuglseth, begge AMF: Målgruppeundersøkelse av politikarar sin kjennskap til folkehelselova
Førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg og høgskulelektor Kari Ryslett, begge AHL: Grøn berekraft som danningssubstans».
Høgskulelektor Kari Ryslett, AHL: Matomsyn i barnehagen i eit berekraftig folkehelseperspektiv.
|